Tormod
Tormod

Tenk deg: Du er 11 år og søstra di blir drept av eks-kjæresten sin.

Heile verda raser.

Drept. Død.

Ingen snakkar med deg. Alle har nok med seg sjølv. Ikkje noko kriseteam i sikte.

Året er 1986. Tsjernobyl har skjedd. Du blir mobba på skulen. Foreldra dine er strenge og fjerne.

Ingen snakkar med deg. Så du byrjer å snakke med di døde søster.

Søsterskip er ei bok om sorg og om overleving. Om familie.

Om eit partnardrap. Om å fortrenge.           Om å hugse. Og om ikkje å gløyme. 

Søsterskip- ei bok om sorg.

Søsterskip vart lansert 19.februar 2025!
Boka gis ut på Kolofon forlag. https://www.kolofon.no, og kan bestillast der, eller eventuelt på ark.no, norli.no og bokklubben.no.

Eg vil frå våren 2025  halde foredrag om Søsterskip.


Berre i Noreg er 186 kvinner og 25 menn drepne av dåverande eller tidlegare kjæraste, sambuar eller ektefelle sidan år 2000. Når du les dette er det allereie fleire. 
Det må ta slutt.